Både i Hanevik ved Målsnes, Kvamsøy og Nessane låg det frå gamalt av større sagbruk med vassdrivne oppgangssager.
Stampe og mølle på Bruhjell
Truls Olson Bruhjell bygde stampe og Mølle på Bruhjell kring 1880. Mølla var i drift fram til 1925, og vart brukt av folk heilt inne frå Eitorn og Vangsnes, og frå Kvamsøy. Eigaren i 1925, Rognald Hagen, bygde også sagbruk og dreiv produksjon av frukt- og fiskekasser. Saga og og andre bygningar vart øydelagde av ras i 1928 (sjå "
Ulukker og naturskader i Balestrand").
Ingebrigt Sylvarnes
som kjøpte gard på Tue i 1878, dreiv eit lite båtbyggeri der han bygde robåtar opp til 6-æringar i storleik.
Andreas Halstad
f. 1862 i Gaular, kjøpte gard på Feten i Vetlefjorden i 1895. Han var smed, og tok m.a. til å byggje firhjula høyvogner som han selde kringom i Sogn.
· Erling Nesse A/S
·
Nesseplast
· AS Nessemaskin
· Nessane Industribygg AS
Dyktige kvinner i bygda skaffa skaffa seg gode ekstrainntekter på vevnad til turistane. I mellomkrigstida kan det ha vore så mange som 32 utsalsstader for vevnad i Balestrand.
Vestlandske Steinindustri starta i 1915 steinbrot i Lindane i Kvamsøy. Då drifta gjekk som best, arbeidde det mellom 20 og 30 mann i steinbrotet.
Båtbyggeri på Torsnes
Ola E. Thorsnes starta i 1916 båtbyggeri på Torsnes ved Sværefjorden. Han leigde kyndige båtbyggjarar frå Hardanger den første tida. Sjå "
Polarskuta frå Torsnes".
Under 1. verdskrig hadde Styrk Vinsentz frå Fana store planar om skipsbyggjeri i Kvamsøy.
Balestrand Elektrisitetsverk
vart skipa i 1913 etter opptak frå
Knut Kvikne. I 1914 fekk selskapet bygd kraftverk i Esefjorden. - sjå elles "
Kraftutbygging i Balestrand".
Ola Midtnes og Hermund Thue
kjøpte i 1916 saftpresseri etter Maria Gjerde. Saftpresseriet vart avvikla nokre år etter 1. verdskrig.
Slakteri
Lars Grinde frå Leikanger starta slakteri i sjøbua til tidlegare
Hotell Balestrand kring 1920, og frå 1926 slaktebutikk i hotellbygningen. Han dreiv fram til 1940, då han flytta til Høyanger, der han dreiv kjøtforretning og kafé fram til 1972.
Balestrand Brusfabrikk
vart starta kring 1920 av Markus Tuftedal i kjellaren på
Hotell Balestrand. Han, og seinare broren Per Tuftedal, dreiv den i omlag 10 år.
Skomakar A.K. Bøyum
A.K. Bøyum frå Fjærland starta i 1926 skomakarverkstad i Balestrand. Han hadde også litt produksjon av sko, særleg beksaumstøvlar.
Hermund Tenningen
starta sag og kassefabrikk i Balestrand i 1928.
Arne Bale starta bakeri
i Holmen i 1929. Han leverte bakarvarer til forretningar og hotell i bygda.
Johannes Løvik
starta i 1930 produksjon av frukt- og fiskekasser i Balestrand. Verksemda sysselsette på det meste 6 personar, og vart driven til 1959.
bygde radioapparatet "Sygna Radio", elektriske motorar - og ein liten elektrisk driven lastebil før krigen.
- med bilverkstad og bensinstasjon.
Kvamsøy Sagbruk
vart starta i 1948 av Klaus og Kåre Thue. Dei dreiv også kassefabrikk.
Fruktlageret i Balestrand var bygd i 1957 av det nyskipa Balestrand Fruktpakkelag.
Brusfabrikk ved Skåsheimselva
Ernst Albrecht frå Bergen starta på 1960-talet brusfabrikk ved Skåsheimselvi. Alf Ålhus tok seinare over og dreiv fabrikken i nokre år. Då den vart avvikla i 1978, vart lokala nytta som verna bedrift under
Granlia Heim og Skule.
Dale Gjerdenettfabrikk, Smed og Mek. verkstad
vart starta Balestrand av Anton Dale i 1964 i eige industrihus. Etter konkurs i 1967 overtok Steinar Skåsheim og dreiv verkstad i bygget til 1971, då entreprønør
Endre Kleiven frå Førde kjøpte det til lager.
|
Solveig Haukaas (f. Hermansen). |
Gullsmedar
Rolf og Solveig Haukaas starta gullsmedverkstad med spesialitet emaljearbeid på Tjugum i 1972. Dei produserer smykke og bilete i emalje, og har m.a. delteke på fleire utstillingar i utlandet med arbeida sine. Sjå Kunstnett:
"Landskap med gule tre"
av Solveig Haukaas
Fleksibo AS trevarefabrikk
på Torsnes vart starta 1980 av Svein Grønlund. Fabrikken produserer kjøkkeninnreiingar og skap, og har m.a. spesialisert seg på tilpassing av produkta til rullestolbrukarar. I 2002 har fabrikken eit produksjonslokale på 1000 kvadratmeter, 11 tilsette og ei omsetning på 11 millionar kroner.
Friendtex AS
vart starta i 1982 av danske Stanley Clemmensen (sjå også Praxis Arbeids og Fritidsklær nedanfor). Firmaet driv import og omsetning av moteklær, hadde i 2001 5 tilsette og 12 millionar kroner i omsetning. I 2001 vart firmaet seld til eit dansk selskap.
i 1983.
Nessemaskin AS
i 1983 - sjå "
Konkurs og ny drift for Nesse".
Torsnes Sand AS
- sandtak i Sværefjorden, vart starta av Jan-Bjarne Torsnes i 1983.
Kleive Mek. og Industriservice KMI
på Nessane vart starta i 1985 av Kurt Kleive. Verksemda har seks tilsette og produserer industrimaskiner - m.a. silketrykkmaskiner som vert selde over heile verda (sjå bilete øvst på sida.)
|
Balestrand Industrier. (Foto: Steinar Lote, NRK) |
Verksemda har m.a. delproduksjon til
Hjørnesteinsverksemda Vik Verk og lagar elles skap, poststativ og husflidprodukt.
Praxis Arbeids og Fritidsklær AS
tekstilimportfirma som vart starta i 1992 av danske Stanley Clemmensen (sjå også Friendtex AS lenger oppe). Firmaet produserer arbeids- og fritidskle på eigen fabrikk i Litauen med 80 tilsette. I Balestrand har verksemda 12 tilsette, og hadde i 2001 ei omsetning på 25 millionar kroner.
Balholm Safteri
frå 2002 -sjå
Balestrand Fruktlager.
Balholm AS
- sjå
Balestrand Fruktlager.