SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Mellomalderhovdingar på Ornes

Ornes - eller Urnes var ein gong tilhaldsstad for mektige stormenn.. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Ornes - eller Urnes var ein gong tilhaldsstad for mektige stormenn.. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Utanom segna som er knytt til småkongen Ragnvald frå vikingtida ( Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen), er Ornes kjend som eit stormannssete seinare i mellomalderen.

Publisert 08.09.2003 09:59. Oppdatert 18.11.2003 13:05.
På 1100-talet var Gaute frå Ornes ein mektig mann, og etterkomarane hans var med i leiinga for mange krigar mot kong Sverre Sigurdsson og ætta hans. (Det var på denne tida at noverande Urnes stavkyrkje vart bygt.)

M.a. var sønene til Gaute - Jon frå Ornes og Munan frå Ornes - i fremste rekkja då kong Magnus V Erlingsson med ein flåte på 32 skip støytte saman med kong Sverre i eit slag ved Nordnes i Bergen.

Munan var også kong Magnus sin mann i slaget mot kong Sverre ved Fimreite i 1184 - sjå: Slaget ved Fimreite. Ein av sønene til Jon frå Ornes, Arnbjørn Jonsson, vart ein av leiarane for baglarane, og seinare kongen sin syslemann i Østfold.

Både Ornes, Kroken, Talsete og Sørheim var heimstad for norsk høgadel i høgmellomalderen.

I eit testamente frå 1309 etter baron Bjarne Erlingsson til Bjarkøy (d. 1313) var Ornes med på eigedomslista, og Ornes var den største garden som Bjarne åtte. Ved giftarmål eigde baronen då både det store Bjarkøy-godset i Nord-Noreg og Giske-godset med hovudsete på Sunnmørs-kysten. Det siste omfatta også Slinde-godset i Sogndal.

Sidan gjekk godset på Ornes gjennom ulike folk av adelsætt fram til 1663, då bisp Jens Schelderup fekk hand om eigedomen saman med ei mengd andre gardar i indre Sogn. Bispe-dottera Dorthea som arva Ornes, var gift med sokneprest Jens Samuelson Bugge i Leikanger, far til Samuel Bugge (sjå: Kjende personar i Leikanger fødde før år 1700). Bugge-ætta samla seg store jordeigedomar over alt i indre Sogn.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no