| | I skuggen av prinsessa Publisert 21.05.2002 14:48 - Oppdatert 21.05.2002 15:24 | Prinsessebryllupet har teke merksemda. | Kongen og dronninga sin tur gjennom vakre Sogn har naturleg nok kome i skuggen av bryllupet i Trondheim – reint mediamessig. Men dei største avisene, vekeblada og fjernsynskanalane er sjølvsagt på plass.
Både Se & Hør, NRK, TV2 og VG kjem til Sogn den 9., 10. og 11. juni. Ein eigen pressebåt skal følgje kongeskipet, og nokre ti-tals journalistar skal bringe besøket ut til det norske folket. Mellom dei som har gjeve beskjed om at dei vil dekke hendinga er også Allers, Her & Nå, NTB, Bergens Tidende og dei lokale avisene.
God marknadsføringDet betyr at Sogn vil bli marknadsført i rikeleg monn, om det berre viser seg fram frå si beste side under besøket. Men at det har hamna i skuggen av bryllupet i Trondheim, er det sjølvsagt ingen tvil om. Der stillte fleire hundre journalistar frå inn- og utland.
| |
|