| | Blir følgt av kongeskipet Publisert 21.05.2002 13:31 - Oppdatert 23.05.2002 13:58 Kongeskipet blir nytta som transportmiddel når kongeparet skal forflytte seg langs fjorden. For kort tid sidan var skipet i Sognefjorden for å synfare ruta.
Les også i Fylkesleksikonet om Sir Thomas Octave Murdoch som eigde skipet før det vart gjeve til Kong Haakon:
· Styrtrike og eksentriske turistar
FolkegåveKongeskipet Norge vart gjeve som ei folkegåve til Kong Haakon i 1948, og vart mellom anna nytta då brorparten av dei europeiske kongehhusa var i Nordfjord for nokre få år sidan. På besøket i Sogn ligg det klart til å ta i mot kongeparet når det kjem ned Flåmsbana søndag 9. juni. Første jobben blir å frakte paret til Årdal same dag, før det tek turen utover til Vik om natta. Etter besøket der skal Kong Harald og Dronning Sonja over fjorden til Balestrand, og seint på kvelden vidare til Hyllestad. Siste etappen blir frå Hyllestad til Gulen, før paret forlet Sogn og Fjordane.
Møtt av småbåtarMange stadar på ruta er det lagt opp til at Kongeskipet Norge blir mottekne av småbåtar når dei kjem til ein ny kommune, og mange båtar vil nok også følgje dei kongelege ut av kommunane. Fleire stadar på ruta vil kongen og dronninga nytte sjaluppen ombord på kongeskipet når dei skal gå i land.
| |
|