OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK sogn og fjordane kongebesøk

Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Kongebesøk i Sogn

Oppdatert 12.11.2002 15:52

 Distrikt
 
NYHENDE

ANDRE KONGESIDER

NRK DistriktNRK VestfoldNRK ØstfoldNRK ØstlandssendingenNRK HedmarkNRK OpplandNRK BuskerudNRK TelemarkNRK SørlandetNRK RogalandNRK HordalandNRK Sogn og FjordaneNRK Møre og RomsdalNRK Sør-TrøndelagNRK Nord-TrøndelagNRK NordlandNRK TromsNRK FinnmarkDistrikt forside
 

Kongeleg møte i Flåm

Publisert 09.06.2002 19:37 - Oppdatert 09.06.2002 20:54

Kong Harald og dronning Sonja følgde i Kong Sverre sine fotspor då dei kom til Aurland søndag. I Flåm møtte dei ein ny Kong Sverre spelt av 10 år gamle Brede Tokvam.

Lyd og video-ikon nytt
  • video Kongeparet si vitjing i Sogn starta i Aurland. Reporter Geirmund Henjum (Windows Media Video) [WM]  


  • 10-åringen hadde rolle som Kong Sverre i jubileumsspelet "Kong Sverre den djuptenkte" framført av 60 elevar i 1. til 4. klasse. Soga seier at det var kongen som i si tid sytte for at Vangen kyrkje vart bygd, etter at han nesten hadde mista livet oppe i fjellet.

    No feirar kyrkja 800 års jubileum, og både soknepresten og biskopen tok i mot kongeparet då dei kom til jubileumsgudstenesta.

    Konge og dronninga møtte biskop Ole D Hagesæter og sokneprest Åse Kristin Nøkling Aagaard. (Alle foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
    Etterpå var det klart for jubileumsspelet på torget der 10 år gamle Brede Tokvam altså hadde rolla som kong Sverre. Ronja Martine Hagan Bølge var brur i sluttscena av spelet, og overrekte brudebuketten til Dronning Sonja.

    Etter at spelet var vist fekk Brede Tokvam møte Kong Harald og Dronnning Sonja. Då han tidlegare på dagen fekk spørsmål om kva han skulle seie til dei to, svara han at han ikkje hadde tenkt så mykje på det. Under møtet fekk han spørsmål frå dronninga om han syntest det var kjekt å spele skodespel. - Veldig kjekt, lydde svaret før dei to gjestane gjekk vidare.

    Unge kong Sverre helsar kongen

    På veg ned mot kaien før avreise møtte også kongen og dronninga Anders Ohnstad, lektor og lokalhistorikar. Han er innehavar av Kongens Fortenestemedalje i gull, og er den som har gjort grunnarbeidet for sogespelet.



    Kongebesøket i Sogn 2002
    – Sogn var fantastisk (11.06.2002)
    Avslutta i øsande regnver (11.06.2002)
    Besøkte verftet i Leirvik (11.06.2002)
    Møtte enka etter krigshelt (11.06.2002)
    Lyd og video frå kongebesøket (11.06.2002)
    Kvernsteinsparken opna (11.06.2002)
    -Engasjert Sonja (10.06.2002)
    Kongen stoppa for Endre Nikolai (10.06.2002)
    Regnet innhenta Sonja (10.06.2002)
    Dronninga opna akvariet (10.06.2002)
    Ungar utkledde som kyr (10.06.2002)
    Gav gamalosten toppkarakter (10.06.2002)
    Sagastemning på Vangsnes (10.06.2002)
    Folkefest i Årdal (09.06.2002)
    Bilete frå Årdal - kongeparet kjem (09.06.2002)
    Bilete frå Årdal - ventinga (09.06.2002)
    Bilete frå reisa på fjorden (09.06.2002)
    Bilete frå Flåm (09.06.2002)
    Bilete frå spelet om Kong Sverre (09.06.2002)
    Bilete frå Vangen kyrkje  (09.06.2002)
    Praktfulle Sogn møtte kongen (09.06.2002)
    Snart kjem kongen! (30.05.2002)
    Fjellsprett og hummer (23.05.2002)
    Gamalost til Sonja (21.05.2002)
    I skuggen av prinsessa (21.05.2002)
    Ruta sjekka av bombehundar (21.05.2002)
    Blir følgt av kongeskipet (21.05.2002)
    Startar i Flåm 9. juni (21.05.2002)
    Her skal dei vere (21.05.2002)
    Kongeparet til Sogn og Fjordane (18.01.2002)
    Kongefamilien invitert på besøk (03.09.2001)


     
     
    SØK

    FORNAVN
    ETTERNAVN *
    FOTOGALLERI

    TIDLEGARE KONGEBESØK

    VIDEO/LYD

    Kongebesøk Sogn knapp 140b
    bannerknapp 140b Fylkesleksikon
    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   04.01.2009 15:11