| | Gav gamalosten toppkarakter Publisert 10.06.2002 11:51 - Oppdatert 10.06.2002 15:16 | Kongen smilte godt då han hadde avlevert toppkarakteren. (Foto: R. Søgnesand, NRK) | På ein skala frå null til 10 gav Kong Harald gamalosten ein 11'ar! Han og Dronninga fekk servert osten frå meieriet i Vik i føremiddag.
Gamalosten er både berykta og elska. Det få kanskje veit er at Kong Harald faktisk er æresmedlem i Norsk Gamalostlag. I dag fekk altså både han og Dronninga servert den eksklusive retten.
– På ein skala frå null til ti - kva karakter vil du gje osten, spurde Vestlandsrevyen sin reporter Geirmund Henjum etter smakstesten.
– 11, tenkjer eg, kom det kontant frå Kongen, som måtte medgje at han nok ikkje hadde denne typen ost på bordet kvar dag.
| Kong Harald fekk inngåande kjennskap til ystinga av gamalosten. Her er det meieristyrar John Inge Sørland som er guide. |
Dronninga såg også ut til å like produktet, og forsynte seg rikeleg fleire gongar av det som vart bydd fram.
| Kongen (i bakgrunnen) gav toppkarakter til gamalosten. I forgrunnen: Dronning Sonja smakar portvinsmarinert gamalost! Fylkesmann Oddvar Flæte og politimeister Kjell Ese følgjer spent med. |
| |
|