| | -Engasjert Sonja Publisert 10.06.2002 19:09 - Oppdatert 10.06.2002 19:28 -Sonja var svært engasjert og viste store kunnskapar om både kunst og arkitektur. Det sa kunstnaren Bjørg Frøisok Bjøberg etter å ha vore kongeparet sin guide i Balestrand.
| Bjørg Frøisok Bjøberg viste kongeparet rundt i Balestrand. | Frøisok Bjøberg viste kongeparet rundt i Balestrand - frå dei steig i land til dei gjekk tilbake til kongeskipet ut på ettermiddagen.
Det var tydeleg at det var ein god tone mellom kunstnaren og den kunstinteresserte dronninga. Sonja var også svært interessert i fjelltoppane rundt Balestrand, og spurte henne ut om turterrenget.
Frøisok Bjøberg fortalte også at Sonja hadde kommentert kommunehuset i 60-tals stil, og at Dronninga gav uttrykk for at det var eit stilbrot med resten av arkitekturen i kommunesenteret.
| Kongefølgjet forlet den anglikanske kyrkja i Balestrand. |
Bjørg Frøisok Bjøberg orienterte også om forhistoria til den engelske kyrkja i bygda. Den vart bygd etter at den engelske prestedottera Margareth Kvikne - gift med hotelleigar Knut Kvikne, flytta til bygda. Margareth Kvikne døydde før kyrkja var ferdig i 1897. Pastor Kevin Dunne frå Newcastle tok i mot kongeparet. Han fekk ikkje vite om jobben før måndag morgon, men takla den likevel fint.
| |
|