SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen - nye og gamle bygdesentra:

Sandane

Sandane. (Foto: Asle Veien, NRK)
Sandane. (Foto: Asle Veien, NRK)
Samanlikna med andre ”etablerte” strandstader i fylket, som t.d. Nordfjordeid, Stryn, Sogndal, Vik og Lærdal, er Sandane ein ”ung” tettstad, med berre 134 personar i år 1890 i det som seinare vart tettstaden.

Publisert 01.03.2002 09:11. Oppdatert 12.08.2002 09:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Medan dei andre kan telje mange hundre år bakover, så skaut utviklinga på Sandane fart først då Fylkesbaatane starta rutene sine dit. Mot slutten av 1800-talet vart nemleg Sandane det nordlege endepunktet for turistruta Vadheim-Sandane, og på kort tid vart det bygd hotell og fleire forretningar på Sandane.

Men før denne tid, hadde både jølstringar og breimingar rett til sjøveg og naust på Sandane. Dei hadde også rett til hestebeite, slik t.d. folk frå Hafslo hadde ved Sognefjorden i Solvorn og Marifjæra (sjå "Historia i Luster").

Futesete

Elles var den nærliggjande garden Eide sete for futen i Nordfjord frå siste halvpart av 1500-talet til 1609. Futen kravde inn skatt og tiende, og dette førde mykje trafikk til Sandane.

Gjestgjevarar

Kristen Reinholdtson Vibdorph fekk i 1715 kongebrev til å drive gjestgiveri på Sandane. Men då var det alt starta tilsvarande verksemd ved Vereide og på Hestenesøyra. Dette viser at desse stadane på den tida var vel så viktige kommunikasjonssentra som Sandane. Ein av dei som dreiv ”kro og gastgiveri” på Sandane var den omstridde presten Gabriel Heiberg (Gloppen). Då han vart tvinga til å reise frå Gloppen i 1765, selde han storgardane på Evebø og Eide - men ikkje den lukrative retten til å drive skjenkestova på Sandane.

Utvikling med dampbåten

Etter at ”dampen” starta rutene på Sandane i 1871, kom utviklinga først og fremst på gardane Holvik og Austrheim. På kort tid grodde det opp fleire forretningar, og Gloppen Hotell, Bondeheimen og ikkje minst Sivertsens Hotell tok imot turistane (sjå "Overnattingsverksemder i Gloppen"). Ei viktig turistgruppe var laksefiskarane. I 1879 skreiv engelskmannen Fred Stafford leigekontrakt for heile elva for 12 år. Eit vilkår var at det gamle nyttefisket med kastenot og laksegardar skulle stoppast. I Evebøfossen vart det bygd laksetrapper i 1878 og 1880.

Laksefiskarar kjøper grunn

Kleppar Ole Nyhagen og fiskaren mr. Sperling med ein laks på omlag 20 kilo utanfor Sivertsens hotell på Sandane. (Foto © Fylkesarkivet)
Nokre laksefiskarar kjøpte seg både gard og grunn i Gloppen: Holvik-garden vart i 1867 kjøpt av lensmann Arnoldus von Westen Sylow Lund, som flytta den gamle bispestova frå prestegarden på Vereide og sette den opp som bustadhus. Då han flytta i 1894, vart tunet kjøpt av generalkonsul for Montenegro, Hugo Mowinckel, som var ein ivrig laksefiskar i Storelva. Han kjøpte seg mange rettar elles i Gloppen der han kunne drive jakt og fiske. Midt i Sandane sentrum fekk han skilt ut eit jordstykke som vart tinglyst som ”Hugo Mowinckels Jaktfelt”(!). På skøytet skreiv han at her kunne han jakte, ”dog ikke efter rugde”. Han kalla seg ”proprietær”, og pryda garden sin med den snobbete nemninga ”Holvig Gaard”. Movinckel sikra seg også fallrettar i Gloppen-elva, og fekk løyve til ei sterk regulering av Breimsvatnet for å kunne drive storindustri. Han kjøpte ogspå fallrettar i Norddalsvassdraget i Flora, også der med store industriplanar som det ikkje vart noko av. Hugo Mowinckel selde garden sin i 1917 til kjøpmann P. Petersen i Bergen.

Hotell

1890 bygde Kristoffer Gerhard Sivertsen Sivertsens Hotell på Sandane. Hotellet kjøpte seinare store fiskerettar som kjøpmann Petersen då eigde i Storelva. Hotellet – no Gloppen Hotell – har sidan hatt stort belegg av laksefiskarar i sommarsesongen.

Holvik-bruket

Ein stor del av Holvik-bruket vart kjøpt av kommunen kring 1920, m.a. for å byggje Firda Gymnas, der bygninga stod ferdig i 1924. Seinare kom idrettsplass og Turnhallen like ved, og på 1970-talet vart den store idrettshallen ”Firdahallen” teken i bruk.

Museet og Glopperock

Etter å ha vore plassert i Åsen sidan skipinga i 1920, vart Nordfjord Folkemuseum i 1959 flytta til ny tomt i Jølet, og i 1995 vart eldfast museumsbygg teke i bruk. Her er det plass til utstillingar, magasin og kontor, og Fylkesarkivets fotoarkiv held til her. I Jølet har det gjennom fleire år vorte arrangert rocke-konsertar på festivalen ”Glopperock”.

Bygging i sentrum

Gloppen Pelsdyrfôrlag vart skipa i 1961, og har bygd ut stort fôrkjøkken midt i sentrum. Andre dominerande bygningar er kommunehuset frå 1956, Sparebanken, Firdakraft sitt administrasjonsbygg, Hendens sportsforretning, A. Vereides forretningsbygg og Domus-varehuset. På den tidlegare meieritomta midt i sentrum opna i 2001 eit nytt varehus med mange forretningar. Den gamle rutebilstasjonen i funkis-stil vart etter mange protestar verna av Riksantikvaren.

På Austrheim-sida av sentrum låg Pelsingssentralen og utstillingshallane for pelsdyr. Her dreiv Vestlandske Salslag frå 1954 til 1964 eit slakteri (sjå "Landbruket i Gloppen"). Den verna bedrifta Sandane Industri har og lokale på Austrheim. Gloppen Mølle , bygd 1917, er verna og restaurert, og teken i bruk til bustader. Den tidlegare ekspedisjonsbygningen til Øydvin på Fylkesbaatane-kaia er også ombygd til liknande føremål.

Ny hovudveg

Frå hausten 2001 er Europaveg 39 lagt i nybygd trasé frå Kleivedammen til Hjelmeset, og går såleis utanom det gamle bygdesenteret ved sjøen.
Sentrum på Sandane. (Foto: Asle Veien, NRK)

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no